
«Målet er at prosjektleiarane skal starta opp IMS PPM Power App som det første dei gjer om morgonen, for å få gjennomført prosjektstyringa.» seier Arild Bruland, avdelingssjef prosjekt, i SFE Produksjon AS.
SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet.

Produksjonsverksemda er samla i selskapet SFE Produksjon, som omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.
IMS PPM i fleire prosjektporteføljar
SFE Produksjon nyttar IMS PPM Power App for prosjektstyring innanfor 3 prosjektporteføljar: Utviklingporteføljen, utbyggingsporteføljen og vedlikehaldsporteføljen. Det er no meir enn 30 prosjekt som er lagde inn i prosjektstyringsverktøyet. Viktige element i styringa av prosjekta er likviditetsstyring, risikostyring og ikkje minst dokumenthandtering. Alle områda har fått utvida funksjonalitet og tilhøyrande rapportar i Power BI, for månadsrapportering. Planleggingsmotoren blir nytta til fase- og milepælsplanlegging. Detaljplanane blir utarbeidde og oppdaterte i MS Project.
«Ein av styrkane til løysinga har vore at ho er svært fleksibel. Me har kunna konfigurera opp nye funksjonar på ein smidig og enkel måte, slik at han er tilpassa prosjektgjennomføringsmodellen vår.» seier Arild. «Me skal no rulla den ut i avdelinga, og me gler oss til å sjå mottakinga.»

«Konsulentane til Intersoft har vist god forståing for korleis me jobbar, noko som har gjort at samarbeidet har fungert veldig fint. Responstida har vore bra og me er godt fornøgde så langt.»
«Jeg synes det er veldig moro at vi kan levere vår løsning til nok et selskap innenfor grønn energi i Norge. Dette er med på å befeste Intersofts posisjon som en ledende leverandør av PPM-løsninger til sektoren.» seier Knut Andreas, Managing partnar i Intersoft. «Dersom vi kan bidra til mer effektive prosjektledere, bedre kontroll på prosjektene, høyere presisjon i prosjektgjennomføringen i denne sektoren, så opplever jeg at det er et positivt bidrag fra Intersoft til det grønne skiftet. Når vi får denne typen positive tilbakemeldinger på konsulentene og løsningene våre så blir jeg både stolt og glad!».
Intersoft Management Systems AS er Microsoft Norges partnar på Prosjekt- og porteføljestyringsløysingar. Me har levert kompetanse på desse i meir enn 30 år og har ein stolt tradisjon med å betena Noregs aller største verksemder – så vel som SMB-marknaden – innanfor både offentleg og privat, med Microsoftbaserte PPM–løysingar.
